Første norske meisterbrev på nynorsk

Publisert

Dagleg leiar Erik Tilseth hjå Tilseth Anleggsgartnar AS i Volda er den første norske meisteren som kan henge eit nynorsk meisterbrev på veggen. Det kan han først og fremst takke seg sjølv for.

– Eg tok meisterbrevet i april i år, og som stolt nynorskbrukar bad eg sjølvsagt om å få brevet på nynorsk. Det viste seg å være vanskeleg, seiar Erik Tilseth.

Ein hard men kort kamp
Det var avisa Møre som først omtala denne saka, og til avisa fortel Tilseth at han sjølv måtte hjelpe til med å omsetja meisterbrevet til nynorsk. Til dette fekk han og hjelp av mor si, Sigrun, som har arbeidd som lærar i 45 år.

Oppslaget i avisa Møre finn du her

– Mesterbrevnemnda sa først blankt nei, men eg gav meg ikkje. Det blei ein hard men kort kamp, og eg fekk ganske fort nemnda over på mi side. Derfrå og ut har vi hatt eit godt samarbeid, og no har meisterbrevnemnda ein nynorsk-mal dei kan nytte seg av når andre ønskjer eit nynorsk meisterbrev, fortel Erik Tilseth til NAML-nytt.

Første norske meisterbrev på nynorsk2.png
Ulstein Hotell. Foto frå nettsida til Tilseth Anleggsgartnar AS

 

Starta av faren Erling
Tilseth Anleggsgartnar AS vart starta av Erling Tilseth for omlag 50 år sidan, og dreiv dei første åra fortrinnsvis med sal av planter. Derifrå eskalerte det med hageanlegg, og rundt 1980 fekk firmaet to store offentlege oppdrag som la grunnlaget for vekst.

I løpet av kort tid fekk vi både jobben med uteområdet rundt Vigra lufthamn og uteområda rundt Volda sjukehus. Frå då av har vi dreve ei tradisjonell anleggsgartnarbedrift, og i dag utgjer vi omlag ni årsverk, seiar Erik Tilseth.

Sjølv kjøpte han firmaet frå far sin i 2006. Det var derimot bilmekanikar han fyrst hadde planar om å bli.

Nordfjord til Romsdal
– Eg starta på bilmekanikarlinja, men forstod fort at eg var eit elendig bilmekanikaremne. Så då blei det anleggsgartnarutdanning på Hjeltnes i Hardanger i staden, og deretter læretid hjå Bjerke & Svendby AS i Lommedalen.

No er han dagleg leiar for ei anleggsgartnarbedrift som dekkjer området frå Nordfjord i sør til Romsdal i nord frå basen sin i Volda.

– Vi har hatt mange store og fine oppdrag dei siste åra.  Miljøgata på Hareid , Ulstein Hotell og Ulstein Arena i Ulsteinvik er nokon av dei. Vi higar etter ein fin balanse mellom offentleg og privat, grått og grønt, og ser lyst på framtida, avsluttar landets første nynorske meister.

*

Takk til Liv Jorunn Nyhagen, Møre, for bruk av foto

Første norske meisterbrev på nynorsk3.png
Ulstein Arena. Foto frå nettsida til Tilseth Anleggsgartnar AS